Barn


I kyrkja er det plass til både store og små. Ein fredag i månaden samlast barnefamiliar til Familiefredag, med samling, middag og leik/drøs. Babysong og småbarnssong har vi òg. Kvar søndag i skuleåret er det enten søndagsskule eller generasjonsgudsteneste. I tillegg har vi for dei fleste alderstrinn tilbod om vere med på ulike trusopplærings-tiltak, der barna får lære og erfare meir av det dei er døypte til.