Konfirmanttida er ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja, og alle er velkomne.
Konfirmantopplegget vårt heiter OPPTUR. Det er fordi me trur og håpar at konfirmantåret skal verta ein opptur. I tillegg skal me ha fokus oppover mot Gud, og på livet som ein tur me går i lag med andre mennesker. I opptursamlingane våre tar me opp ulike temaer på ein livsnær og spennande måte. Me brukar òg tid i grupper, snakkar om temaet, har aktivitetar, og delar tru og tvil. I tillegg har me ein sosialopptur, og me drar på tur saman til Evje.
PÅMELDING KONFIRMASJONSÅRET 2023/2024 FINN DU HER
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Just Salvesen
justsalvesen@klepp-kirken.no
51 78 95 55