Stiftinga Klepp nye kyrkje har i fleire år hatt dugnad på Jærhagen. Dugnaden nå går ut på å samle sammen og trille handlevogner til dei butikkane der dei høyrer heime. Denne dugnaden varer frå ca kl. 19.30 og i ca 1,5 time. Vi triller korger 6 kveldar i veka.
Status nå er at ein har ein del godt vaksne personar med, som også er i risikogruppa for Corona smitten. Utfordringen for oss er at vi skulle vore fleire på denne dugnaden. Pr nå er der rundt 20 personar med. Stiftinga har hatt som mål at ein skal kunne ha ca 1 kveld pr månad (i snitt). Men dess fleire personar ein vert, dess sjeldnare skal ein delta. Ein set opp ein felles vaktplan for 4-5 månader framover, slik at ting vert forutsigbare.
Kan du tenke deg å vera med på denne dugnaden. Inntektene går til ny kyrkje på Kleppe. Vår ynskje er at vi treng mellom 5 – 10 nye personar, for å kunne få ein god dugnad.
Takk for at du vil vurdere dette, takk for at du i den samanhengen ser at dette er eit ledd i å realisera ny kyrkje.
Vil du vera med, ta kontakt med inn Reiar Norås tlf 90771473 eller til Rolf Bergseth tlf 90597782.