FELLESSKAP - oppstartshelg med Klepp kyrkjelyd 27.-29. august
Klepp kyrkjelyd inviterer alle generasjonar til aktivitetar og fellesskap.
Klepp kyrkjelyd inviterer alle generasjonar til aktivitetar og fellesskap.
Det vart ikkje menighetsweekend denne hausten slik vi hadde håpa å få til. Vi utvidar difor oppstartsgudstenesta vår til oppstartshelg og inviterer alle generasjonar til aktivitetar og fellesskap. Dette passer perfekt for alle mellom 0-100 år!
Dette skjer:
Fredag 27. august kl. 17.30 utfor Klepp kyrkje
- Familiefredag inviterer til fellesskap rundt bålpanner utfor kyrkja
- Ta med sjølv det du vil av mat på bålpanna, vi stiller med pinnebrøddeig til alle
- Hinderløype og sporlek
Laurdag 28. august kl. 14.00-18.30 i Klepp kyrkje
- Fellessamling
- Mange ulike aktivitetar som matlaging, pynting, gudstenesteverkstad, dragebygging m.m.
- Måltidsfellesskap
- Konkurransar/leik
Laurdag 28. august kl. 20.30-23.00 i Stasjonsbygget på Klepp stasjon
- Kveldssamling med andakt av Just Salvesen
- for vaksne i alle aldrar
- fokus på fellesskap i kyrkjelyden på tvers av generasjonar
Søndag 29. august kl. 11.00 i Klepp kyrkje
- Oppstartsgudsteneste med søndagsskule
- Grillmat til kyrkjekaffi
- Tur i Kleppeloen for dei som vil etter maten
Meir info om påmelding og gjennomføring kjem snart.
Velkommen 