VINNAR AV ARKITEKTKONKURRANSEN FOR NYTT KOMMUNEHUS OG KYRKJE ER KÅRA


«KLEPPR» er vinnar av arkitektkonkurransen for ny yrkje og kommunehus!

Det er L2 med KOHT Arkitekter som står bak vinnarteikningane.

Her kan du sjå vinnarforslaget: https://aimblob.blob.core.windows.net/aimfiles/6bd2aa33-0b63-4e63-9f77-1d17c1026583.pdf

 

 

Juryen har jobba med fire gode forslag, og har diskutert eg fram til at forslag nr 1 med navn KLEPPR har levert det beste forslaget. Vi likte ideen om 3 ulike bygg som er satt saman som ein «landsby». Det skal vera enkelt å orientera seg i bygget for alle brukarar, og kyrkja får sin eigen inngang. Kyrkjeromet er lyst og tiltalande, og vil gi ein god ramme for gudstenester og andre samankomster. Ved behov kan kyrkjesalen opnast opp mot aktivitetssalen som er plassert rett ved sida av kyrkjesalen. Vi håper på ei løysing der denne igjen kan delast inn i to rom. Kyrkja skal kunne bruka andre rom i kommunehuset til sine aktivitetar, på same måten som andre skal kunne bruka aktivitetessalen. Sambruk har vore ein berande ide i heile prosjektet.

Dette forslaget vil nå vera utgangspunkt for vidare samarbeid med arkitekten med mål om å finna dei beste løysningane, også på detaljnivå. Vi ser behov for fleire justeringar for at den nye kyrkja skal verta funksjonell og best mulig kunne tena kyrkjelyden.

Vi vil bl.a arbeida for å få på plass ein endå betre sal for ungdomane, primært under kyrkjesalen. Vi er også opptatt av detaljplanlegging av kjøkkenet. Kjøkkenet skal kyrkja dela med dei andre aktørane på huset. Også i kommunehus- og kulturdelen av bygget trengs det justeringar. Plassering og fordeling av lager, resepsjon, toaletter og garderober må gås gjennom i forhold til bruksmønster for ulike aktiviteter i bygget.

Så det spennande arbeidet held fram i dialog mellom kyrkje og kommune, men nå altså også saman med arkitekten.

Arkitekten skal snarleg også starta samarbeidet med kunstutvalget i kyrkja for å koma fram til ein god plan for utsmykning av kyrkjesalen, og med orgelkonsulent for å sjå på kor det passar å plassera eit kyrkjeorgel. Det er i skrivande stund ikkje bestemt kva slag instrument vi skal ha i den nye kyrkja, men uansett må vi setja av plass til orgel. Dette må planleggjast før arbeidet med sjølve bygget er i gang.

Inger Kari Søyland

 

 

 

Tilbake