Småbarnssong 2. desember - påmelding


For alle eitt- og toåringar i Klepp sokn født juli-desember i 2019 og 2020.

 

Hugs å melde deg på rett samling (ei samling for eittåringane og ei for toåringane). Påmeldingsfrist er tysdag 30. november. 

Påmelding HER.

 

Invitasjon til samlinga er sendt med posten og kjem i disse dager i postkassa adressert til barna.

 

 

Småbarnssong er trusopplæringstiltaket for eitt- og toåringar i Klepp sokn. Vi har tidlegare hatt dette som eit kurs over fleire gonger, det kjem vi til å fortsette med. Nytt av året er at vi har ei enkeltsamling i forkant av kurset. Då får alle anledning til å kome ein ettermiddag og teste ut ei samling med småbarnssong.

Dei som er født januar-juni blir invitert til ei samling i august/september, dei som er født juli-desember blir invitert til ei samling i desember.

For å kunne tilpasse innhaldet til dei som er med deler vi samlinga inn på denne måten:

  • Kl. 16.45 - 17.30: songstund for eittåringane
  • Kl. 17.45 - 18.30: songstund for toåringane

 

 

For dei som vil bli med videre på kurset etter nyttår, blir det lagt ut påmelding for dette etter samlinga 2. desember.

 

Ta kontakt på mail andrea.bjorkavoll-bergseth@klepp-kirken.no dersom det er noko du lurer på.

 

 

Velkommen til ein kjekk ettermiddag!

 

Tilbake