Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Konfirmasjon


Konfirmanttida er ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja, og alle er velkomne. 

 

Bilete av fleire konfirmantar som er klar te og gå inn inn kyrkja for å bli konfirmert

Konfirmasjonsåret i Klepp kyrkje er eit år med fellesskap, opplevingar, refleksjon og utforsking av kristen tru. Me håpar det skal bli eit kjekt og meiningsfullt år der konfirmantane får bli betre kjende med både seg sjølve, kvarandre og Jesus.

Gjennom året deltek konfirmantane i ei undervisningsgruppe som samlast om lag éin gong i månaden. Dei kan velje mellom grupper på tysdagskveldar, onsdag ettermiddag eller KRIK-gruppe på laurdagar. I tillegg samlast alle konfirmantane til felles arrangement gjennom året, KonfLeir og Surfing, begge deler på hausten, og temakveldar både haust og vår.

I samlingane tek me opp tema som Bibelen, Jesus, sorg, død og det kristne håpet, saman med andre spørsmål som handlar om livet og trua. Me ønskjer å formidle stoffet på ein livsnær og engasjerande måte gjennom undervisning, samtalar, aktivitetar og tid i mindre grupper der det er rom for både spørsmål, tru og tvil.

Målet med konfirmasjonsåret er å gi konfirmantane ballast for livet vidare. Me ønskjer å la dei få bli kjende med den kristne trua, oppleve eit godt fellesskap og få med seg erfaringar og verdiar som dei kan ta med seg vidare i livet.

 

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Andrea Bjørkavoll-Bergseth

 ab546@kirken.no
 51 78 95 55

Tilbake