Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Sauesamling 20. mai


Velkommen til sauesamling for 3-åringar i Klepp Sokn

Bilde av gjeteren og sauen

Vi ynsker alle born født i 2022 velkommen til sauesamling, trusopplæringstiltaket for treåringane i Klepp kyrkje, torsdag 20. mai kl. 17.00-18.00.

Målet for trusopplæringsreforma er at kvart årskull skal ha eit tilbod frå kyrkja. Vi i Klepp sokn inviterer 3-åringane til samling med fokus på likninga om den bortkomne sauen, der vi les boka «Lille sau går seg vill» og leitar etter sauen. Borna får med seg boka heim. Det blir servert noko å bite i. Gi beskjed via påmeldinga dersom barnet har allergiar, så tilpassar vi om det er behov for det. Er det anna behov for tilrettelegging, gi beskjed.

Det er sendt ut invitasjon i posten til alle medlemmer. 

Sauesamlinga er open for alle born i denne aldersgruppa, òg dei som ikkje er døypte. Høyrer du om nokon som ikkje har fått brev? Be dei ta kontakt med oss på kyrkjekontoret dersom dei vil vere med på samlinga.

 

Denne samlinga er lagt opp til at barnet følgast av ein vaksen.

 

Sauesamlinga er gratis. 

 

Påmelding finn du her

Påmeldingsfrist er torsdag 15. mai.

 

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Karoline Undheim 

 karoline.undheim@klepp-kirken.no
 922 55 478

Tilbake