Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Fasteaksjonen - Løping i Kleppeloen


Klepp kyrkje inviterer alle barna i kyrkja til å vere med på løping i Kleppeloen saman med konfirmantane!

bilete av ein som drikk vatn. VIPPSnummeret til Kirkens nødhjelp 2426

Søndag 22. mars skal konfirmantane i Klepp springe rundar i Kleppeloen for å samle inn pengar til Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon. Ei runde er på ca. 400 meter.  

Vi ønsker å utfordre alle barn i Klepp til å vere med! Difor lagar vi ei lita runde på ca. 70 meter, der barn i alle aldrar kan vere med! Dei eldste barna, frå omlag 5. klasse og oppover, vel sjølve om dei vil springe lita eller stor runde. 

Det blir sal av kaker, saft og kaffe! All inntekt går til Fasteaksjonen.  

 

KORLEIS DELTA: 

Barna skaffar seg sponsorar (foreldre/føresette, besteforeldre, tantar/onklar, etc.) som sponsar eit beløp per runde barna spring. Send e-post til ab546@kirken.no dersom du ønsker å få tilsendt eit sponsorskjema. 

Barna møter opp i Kleppeloen etter gudstenesta, registrerer seg og stiller til start. Det blir felles start for alle. Ein spring så lenge ein orker, men maks ein halvtime. Det er lurt å ha med ein vaksen som kan telje kor mange rundar det blir totalt. Alle som leverer ferdig utfylt skjema etter løpet er med i trekking av eit gåvekort på ein stor pizza frå Bankers og to gåvekort på 250kr per kort frå Jærhagen. 

 

 

 

OPPMØTE OG KLOKKESLETT: 

  • Tidspunkt: Rett etter gudstenesta. (Direkte oppmøte: kl. 12.20) 

  • Start: kl. 12.30 

  • Kor: Innerst inne i Kleppeloen med leikeplass/grillplass 

 

Vi gler oss til å heie på dykk og vere saman med dykk denne dagen! 

Helsing Klepp kyrkjelyd 

 

Tilbake